Vox Virorum

HOVEDSIDE | OM OSS |KONTAKT

 

 



 


 

 

 

 

 

Vox Virorum   

 

bullet

På plakaten:

Konsertar i Slagnes kyrkje fredag den 30. september kl. 19.30 og i Volda kyrkje søndag den 02. oktober kl. 18.00.

Innhaldet i konsertane har stor spennvidde, frå norske folketonar og negro spirituals til nyare kyrkjemusikk med rikt klangbilde, og stor variasjon i uttrykket.

bullet

Om Vox Virorum ("manns røyster"):

Historisk samandrag – Biografi.

 

Vox Virorum vart starta i 1968, i det aktive og blomstrande kormiljøet på Hareid. Staden er unik i kor samanheng, med opp mot 8 kor på det meste fordelt på ca. 3500 innbyggarar, og med nesten 150 år lange kortradisjonar.

Koret vart stifta som ein kvartett. Talet på songarar har variert og er i dag på ni.

På desse 35 åra sidan starten, har Vox Virorum vore innom det meste av den norske mannskor litteraturen, og har no eit repertoar som omfattar fransk kyrkjemusikk, norske folketonar, Bellmann og Beatles, og sjølvsagt komposisjonar av Johan H. Grimstad. Nokre av hans komposisjonar er skrivne spesielt for denne gruppa.

Vox Virorum vil med sitt repertoar femne vidt; frå dei

kjende mannskor klassikarane, til komposisjonar som ikkje så ofte står på konsertplakaten på våre kantar.

Dei fleste av medlemmane kjem frå kormiljøet på Hareid, med gode tilskot frå Ulsteinvik og Ålesund.

Alle songarane har brei erfaring frå ulike kor, og mange er også dirigentar for kor og korps rundt om på Sunnmøre.

Vox Virorum har hatt konsert framføringar i NRK-radio og teke del i program på TV2, sunge i Oslo konserthus, og gruppa vert ofte nytta rundt om på Sunnmøre i ulike samanhengar, frå landsmøte og kongressar til gudsteneste og basarar.

 

Vox Virorum var mellom anna hausten 1999 i Holmenkollen kapell. Gruppa var med i eit advent program produsert av NRK fjernsyn, som vart sendt i advent samme året (19.12.1999).

Våren 2003 var Vox Virorum med i ei internasjonal korkonkuranse i Italia.

Av 24 kor frå 14 land fekk Vox Virorum juryens spesialpris for beste ansamble song "PREMIO SPECIALE per I’eccellente coralitá d’insieme". I tillegg til Gull i si klasse.

 

Vox Virorum har gitt ut to CD ar:

 

CD 1 Høgt frå den himmelske klåra (5BCD1002)

 

CD 2: ...frå Skolma til Sicilia (VV-CD002 – BIEM)

 

Vox Virorum arbeider med planar om utgiving av sin tredje CD (2006). Innhaldet vert fokus på Johan H. Grimstad sin produksjon som komponist og arrangør.

bulletEnglich summary:

Vox Virorum , a male quartet

Vox Virorum was started back in 1968 and has been active ever since.

The group started as a quartet, but through the years the numbers of singers have varied.

Today Vox Virorum consists of nine singers, included a female 1. tenor.

Vox Virorum has participated on a number of programmes on nationwide television, (NRK and TV2), as well as on various radio programmes.

The main activity during a season is concerting in different locations, like church concerts and entertaining in congresses, meetings and other arrangements.

The members of the group have all long experience from other choirs, and several are conductors themselves.

The group’s repertoire consists of classical pieces for male choir classical music, Norwegian Folk Songs, Italian madrigals, pop music and Negro Spirituals

Our local composer Johan H. Grimstad has composed and arranged especially for the group, and the group has recorded an album with his songs, called “Høgt frå den himmelske klåra” (High up from the clear Heaven), a mixture of religious songs and secular ones.

Vox Virorum has also published a second album, “Frå Skolma til Sicilia”, songs from our repertoire through the years, with music composed by a wide range of composers, such as Orlando di Lasso, Anton Dvorãk, C.M.Bellmann, Edvard Grieg and more.

 

 

  

Vox i Grado

DSCN0371.JPG (395451 byte)

JHG Jubileum

voxen.jpg (386147 byte)

Ålesund jubileum

VOX2-A.JPG (38055 byte)

  [../includes/footer.htm]